Aasen Nordmannen (Millom Bakkar Og Berg) Lyrics

Mellom bakkar og berg... NEI FY FAEN DET LÅTER KJIPT!!

Millom Bakkar og Berg ut med Havet
heve Nordmannen fenget sin Heim,
der han sjølv heve Tufterna gravet
og sett sjølv sine Hus uppaa deim.

Han saag ut paa dei steinutte Strender;
det var ingen, som der hadde bygt.
«Lat oss rydja og byggja oss Grender,
og so eiga me Rudningen trygt.»

Han saag ut paa det baarutte Havet;
der var ruskutt aa leggja ut paa;
men der leikade Fisk ned i Kavet
og den Leiken den vilde han sjaa.

Fram paa Vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare Land!
Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte,
fekk han Hug til si heimlege Strand.

Og naar Liderna grønka som Hagar,
naar det laver av Blomar paa Straa,
og naar Næter er ljosa som Dagar,
kann han ingenstad vænare sjaa.

See also:

55
55.96
Massive Töne Komm Schon Baby Feat. Fatman Scoop Lyrics
diomedes diaz SIN TI Lyrics