Vreid Songen Åt Fangen Lyrics

So lagde dei lekkjene på meg
og klaven kring halsen min batt.
Helsa mi pinte dei tå meg,
men hatet sit enno att !

Å, hadde eg kulor og knivar
som rokk dit eg vilde no,
Gud nåde då lensmann og skrivar,
- dei lagdes snart lik båe tvo !

Å, var eg so giftig som pesten,
og ill som ein eiterormstyng,
Gud nåde då fengselspresten,
som går her og preikar og syng !

Kvi fa'n kjem den kallen inn til meg,
med song og hallelujadikt ?
Kva svartaste er det han vil meg med
Våset om anger og slikt ?

Eg eig ikkje anger i bringa,
og kjem eg meg ein gong på dør
skal kniven på ny eg svinga,
med kaldare hat enn før!

See also:

7
7.57
Ricchi e Poveri Sarà Perché Ti Amo Lyrics
Salmonella Dub For The Love Of It Lyrics