Torsheim Mari Maria sudu-deli-dei Lyrics

Mari Maria Sudu-deli-dei
(Godots sang)

Kom Mari Maria Sudu-deli-dei,
no tek me ein svingom og dansar i vei,
no går vi på golvet og laga ståhei,
Eg har kjent deg ifrå du vart fødd,
og vist vi ikkje dansar Sudu-deli-dei,
får vi finne på noko anna!...

Å, Mari Maria kor skal dette gå?
vi begge vil vekk ifrå kvardagen grå,
Om allting vi ikkje kan få eller nå,
vil vi smake forandringens fryd,
Når det kjennest som himmelen aldri blir blå
Ja, då må det snart skje noko anna!...

Så Sudeli-dudeli-dudeli-dei,
Kom Mari Maria, heihopp! og tjohei!
du elskar å danse, og lage ståhei
Ja, det er vist til det du er fødd
og når du ikkje dansar sudu-deli-dei,
vil du helst ikkje drive med anna!...

Huff, Mari Maria som verda ser ut!
så fæl og så fælsleg, så smekkfull av krut,
eg tenkjer som så: korleis vil dette gå?
For vi er jo på Moder Jord fødd,
Men ei stemme inni meg, den ropar: Hald ut!
vi får sikkert snart sjå noko anna!...

Sei Mari Maria, kor har du det no?
Eg tykkjer du klær dine høghæla sko,
eg ser og at du har latt håret ditt gro
Du er penare enn då du vart fødd
eg såg og ein sjalu fyr som etter deg slo,
for han tord ikkje prøve på anna!...

Så sudeli-dudeli-dudeli-dei,
no tek vi ein svingom og valsar i vei,
på golvet vi går, og vi lagar ståhei,
for det ønska vi frå vi vart fødd,
og vi dansar og dansar Sudu-deli-dei,...

For vi vil og kan ikkje anna,
for vi får ikkje til noko anna,
men vi ventar jo på noko anna!...

See also:

81
81.113
Miguel Mateos - Zas Bull Dog Lyrics
banda XXI mi primavera (remix) Lyrics