Darkthrone Snø og Granskog (Utferd) Lyrics
            Tale om heimsleg
            Snø og granskog er heimsleg
            Frå fyrste stund er det vårt
            Før nokon har fortalt det, at det er snø og granskog
            Har det plass i oss,
            Og sidan er det der, heile, heile tida
        
            Meterdjup fonn kring mørke tre,
            Det er for oss
            Innblanda i vår eigen ande,
            Heile, heile tida.
        
            Om ingen ser det, har vi snø og granskog med
            Ja, lia med snø, og tre ved tre så langt ein ser
            Kvar vi er, vender vi oss imot det
            Og har i oss ein lovnad om å koma heim
            Koma heim, gå borti der
            Bøyge greiner, og kjenne så det fær i ein
            kva det er å vara der ein høyrer til.
            Heile, heile tida
            Til det er slåkt i våre innlandshjarte
        
See also:
JustSomeLyrics
32
32.57
Our Lady Peace Right There Behind You (Mafia) Lyrics
Enrico Macias Ne Me Quitte Pas Lyrics